Noreg har ein travel kyst med både næringstrafikk og fritidsbåtar i same farvatn – spesielt om sommaren. Dei aller fleste båtførarar er flinke og merksame. Likevel ser losane år etter år at småbåtar kryssar rett framfor eller kjem farleg nær store fartøy.
Dette kan vere svært farleg. Store skip har ofte dårleg sikt framover, og dei treng opptil to kilometer for å stoppe.
Det betyr at dei ikkje har høve til å svinge unna eller bremse i tide om noko skjer.
– Det er livsfarleg for småbåtar å leggje seg rett framfor eit stort skip. Det er inga tvil om kven som vil tape på ein kollisjon, seier losdirektør Erik Blom i Kystverket, som har ansvar for statslosane langs heile kysten.
Store krefter, lange stoppestrekningar
Ein liten båt som legg seg framfor baugen på eit stort skip, forsvinn ofte i blindsona.
– Det er ein svært ubehageleg situasjon for dei som fører skipet. Når ein småbåt forsvinn under baugen, veit vi rett og slett ikkje kvar han er. Då er det lite vi kan gjere viss noko skjer, seier losdirektøren.
Eit spesielt risikoscenario er om ein fritidsbåt får motorstopp rett framfor eit stort fartøy. Då kan utfallet bli katastrofalt.
Mangel på kunnskap skaper farlege situasjonar Losdirektøren trur ikkje dette skjer fordi folk er uvørne med vilje, men fordi mange undervurderer risikoen.
– Vi trur det først og fremst handlar om manglande kunnskap og erfaring. Mange er ikkje klar over kor fort eit stort skip faktisk går, eller kor lang stoppestrekning det har. Til dømes kan ein containerbåt gå i 16–20 knop, seier han.
Småbåtførarar kan derfor feilvurdere både fart og avstand – og krysse framfor store fartøy utan å vere klar over kor farleg det er.
– Reglane er klare: Småbåtar skal vike for nyttefartøy, og du skal opptre på ein måte som ikkje skaper usikkerheit hos andre på sjøen. Ein god tommelfingerregel er å følgje sjøvettreglane og reglane for vikeplikt til sjøs like nøye som du følgjer trafikkreglane på land, seier Blom.

Alvorlege ulykkestal
Ifølgje Sjøfartsdirektoratet omkom 40 personar i ulykker med fritidsfartøy i 2024 – det høgaste talet på 20 år. 21 av ulykkene skjedde i juli, august og september. Dei fleste som omkom brukte ikkje redningsvest, og i mange tilfelle var rus ein faktor.
– Bak kvart tal finst det eit menneske og ein familie. Desse ulykkene minner oss på kor viktig det er å ta tryggleik på sjøen på alvor, seier sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.
Enkle grep for betre tryggleik
Kystverket oppmodar alle båtførarar til å sette seg inn i sjøvettreglane og vikeplikta til sjøs – like nøye som ein følgjer trafikkreglane på land.
– Vi ønskjer at alle skal få ei trygg og god oppleving på sjøen. Med litt meir kunnskap og medvit kan vi unngå situasjonar som set liv og helse i fare, seier losdirektøren.